Tilbake til alle arrangementer

Tenniskurs for barn

Tenniskurs for barn

Introkurs for barn

Volda Tennislag inviterer alle barn til GRATIS introduksjonskurs i tennis! Kurset vil vere over 8 økter i perioden mandag 20.01-10.03.25. Det er ingen krav til forhåndskunnskap i tennis for å delta, og vi oppmodar ikkje-medlemmar til å nytte høvet til ein fin introduksjon til sporten. Klubben vil stille med racketar og ballar, det einaste ein treng for å delta er treningsklede og sko som ikkje lagar svarte merker.

Kurset blir halde i tennishallen til klubben i Bratteberg, rett ved sidan av Bratteberg skule.

Påmelding

Det er totalt 10 ledige plassar på kvar gruppe, og påmelding skjer etter "førstemann til mølla". Påmelding sendast til Erling Westlye (instruktør) på mail.

Grupper

Det vil bli to grupper, ei for 1. til 3.klasse og ei for 4.-7. klasse. Dei yngste trenar 17-18 medan dei eldste trenar 18-19. Dersom det er få påmeldte vil nok alle trene saman i dei to timane som er satt til rådigheit.

Neste
Neste
27. januar

Tenniskurs for barn