Open dag og finalehelg
På søndag vert det arrangert Open dag frå kl. 11:00-14:00 på grusbana. Etterpå er det duka for finalespel i Voldameisterskapet.
Her vert det arrangert ulike tennisrelaterte aktivitetar med instruktørar frå klubben. Dette er perfekt å få med seg om du er fersk i gamet, eller berre ynskjer å forbetre teknikken. Hovudsponsor Sparebanken Møre vil òg vere representert med eigen stand og stiller kanskje med nedjustert boliglånsrente for dei med snakketøyet i orden. Elles vil det vere fyr på grillen gjennom heile dagen og bli servert snacks og drikke. Gratis.
Håpar dei som kjem på open dag også vil vere igjen og sjå finalen!